Me vil gjerne informere om at banken si årlege kundeundersøking er sendt ut per epost. 

Me er opptekne av å vidareutvikle banken sine tenester i tråd med kundane sine ynskjer og behov. Difor gjennomfører me mellom anna årlege kundeundersøkingar. Her får du mogelegheit til å gje dine tilbakemeldingar og påverke banken sine framtidige prioriteringar.

Kundeundersøkinga i år går føre seg i tidsrommet 28. februar til 10. april. Det tek om lag 8 - 10 minutter å svare på undersøkinga.

Undersøkinga vert gjennomført i samarbeid med Kantar/Norsk Gallup, og ei rekke av kundane våre er trekt ut til å motta ein epostinvitasjon med følgjande avsendar-id:
Kantar (survey@norskgallup.no).

Me publiserer denne informasjonen slik at dersom du mottek epost frå Norsk Gallup, så er det altså snakk om vår kundeundersøking og ikkje ein svindelepost. 

Me håpar du har mogelegheit til å delta og bidra til at me kan bli ein betre bank for våre kundar i framtida. Alle som deltek er i med i trekninga av 10 gåvekort med verdi på kr 1000. 

Med venleg helsing alle oss i banken