Det seier administrerande banksjef i Sogn Sparebank, Mads Indrehus, etter å ha lagt fram resultatet for banken. For 2023 legg Sogn Sparebank fram eit resultat av ordinær drift etter skatt på 85,2 MNOK. Dette sikrar kapasitet til å finansiere kundane våre framover og mogelegheit for å gje endå meir av overskotet tilbake til lokalsamfunna via gåvefond og sponsorat, seier administrerande banksjef Mads Indrehus. 

Fokus på gode løysingar for kundane
Fokuset vårt har vore og er å finne gode løysingar for kundane våre, noko som me ser ut til å ha lukkast med. Banken sette mellom anna ikkje opp renta ved førre renteheving frå Norges Bank. Me vil halde fram med å følgje marknadssituasjonen nøye.

Ein engasjert lokalbank i Sogn 
Banken skal vere synleg for kundane våre og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder. - Det er gledeleg at resultatet for fjoråret gjev oss mogelegheit til å auke sum gåvemidlar til lokalsamfunna. Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft. Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i, seier Indrehus.

På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele ut 7,5 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i lokalsamfunna i Sogn. Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 15,00 NOK. Både gåvemidlar og utbyte per EK-bevis skal behandlast i banken si generalforsamling i april, og me tek difor atterhald om generalforsamlinga si godkjenning.

Q4 -2023 førebels årsresultat 2023 (2022 i parentes)

  • Resultat før tap: 115,4 MNOK (95,2 MNOK)
  • Resultat av ordinær drift etter skatt: 85,2 MNOK (67,3 MNOK)
  • Totalresultat etter skatt: 77,7 MNOK (104,4 MNOK)
  • Eigenkapitalavkastning: 7,84 % (6, 8 %)
  • Rentenetto: 180,0 MNOK/2.36 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) (134,5 MNOK/1,80 % GFK)
  • Kostnadsprosent i forhold til inntekter inkl. verdipapir: 50,24 % (51,19 %)
  • Rein kjernekapitaldekning morbank: 24,25 % (23,66 %)
  • Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 24,26 % (23,42 %)
  • Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 18,09 NOK (14,34 NOK)
  • Utlånsvekst siste 12 mnd: 7,29 %
  • Innskotsvekst siste 12 mnd: 5,0 %
  • Utdeling av gåver frå Gåvefondet kroner: 7,5 MNOK (5,9 MNOK)
  • Utbytte pr. EK-bevis for 2023: 15,00 (10,00 NOK)

Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av generalforsamlinga 2024.