Velkomen til Aurland Sparebank

Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har innleia samtalar om samanslåing

 

Styra i Indre Sogn Sparebank, Aurland Sparebank og Vik Sparebank har i dag fatta vedtak om å innleia samtalar med sikte på ei samanslåing av dei tre bankane. Målet med ei samanslåing er å skapa ein solid og framtidsretta lokalbank i Sogn, som vil styrka lokalsamfunnet, lokale bedrifter og lokale arbeidsplassar. Banken ønskjer å vidareutvikla sterke og kompetente fagmiljø og vera ein god og attraktiv arbeidsgjevar.


Ledig stilling som økonomiansvarleg/controller

 

                                             

Aurland Sparebank søkjer med dette etter økonomiansvarleg/controller. Me kan tilby ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø og med varierte arbeidsoppgåver. Som økonomiansvarleg/controller vil du mellom anna jobba med banken sitt rekneskap, internkontroll, samt rapportering til styresmaktene. Oppgåvene vil vera av både operativ og analytisk karakter.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan økonomi (minimum bachelorgrad eller tilsvarande)

  • Relevant arbeidserfaring

  • Gode IT-kunnskapar

 

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og analytisk

  • Gode samarbeidsevner

  • Løysingsorientert

  • Endringsvillig

 

Me tilbyr gode forsikringsordningar og konkurransedyktige lønnsvilkår.

 

For spørsmål eller meir utfyllande informasjon om stillinga, ta kontakt med Banksjef Gunnar Skahjem på telefon 982 14 740 eller e-post gunnar.skahjem@aurlandsparebank.no

 

Søknadsfrist 22 juni 2018

 

Kortfatta søknad med CV kan sendast til:

 

Aurland Sparebank

v/Gunnar Skahjem

Postboks 13

5741 Aurland

 

eller på e-post til gunnar.skahjem@aurlandsparebank.no

 

 

 


ENDRING I OPNINGSTIDA I KASSE

Tida endrar seg i bankane og dette opplever me i Aurland også.

Til dømes er det ikkje lenger så mange kundar som kjem inn til oss

og nyttar seg av kasse.

Difor endrar me opningstida i kassen.


Kvifor bli kunde i Aurland Sparebank

Det ER forskjell på den ekte lokalbanken og andre bankar.

Me har dei mest fornøgde kundane, flinke rådgjevarar og gode digitale løysingar.

Aurland Sparebank er din medspelar i store og små avgjersler i livet.

Gode råd

Kredittkort + Vipps = Sant

Føre over store beløp eller handle på nett? Sjå kvifor det løner seg å vippse med kredittkortet.