Aurland Sparebank vart skipa i 1847, men drifta vart avslutta i 1867.I 1883 vart banken skipa på nytt, og no slutta bygdefolket godt opp om tiltaket.

Banken var først og fremst bygdefolket og det lokale næringslivet sin bank, men kundemassen femnar no langt vidare.
I dag er omlag 40% av kundane busette utafor kommunen.

Det første kontorlokalet var i det gamle kommunehuset i Aurland. Dette var banken sitt ekspedisjonskontor i 75 år. I 1958 vart banken flytta til det nye kommunhuset, men den 20.april 1970 vart det vedteke i forstandarskapet å setja igang med byggjing av nytt hus for banken.

Banken hadde sin første kontordag i eige hus den 27. januar 1972.
Frå 1. januar 1965 byrja banken med kontordagar i Flåm. Kontorrom fekk banken leiga hjå Flåm Samfunnshus. 
Idag har ikkje banken lenger filial i Flåm.

Grunnfondskapitalen til Aurland Sparebank var i 1883 på kr.1468. I 2012 passerte banken 850 millionar i forvaltingkapital.