Du har kanskje høyrt at kredittkort er noko du bør unngå? Det stemmer ikkje nødvendigvis. Slik brukar du kredittkort på ein trygg og lønnsam måte.

  1. Netthandel. Det vanlegaste problemet med netthandel er forseinkingar eller at varer rett og slett ikkje blir leverte. Handlar du med kredittkort, hjelper vi deg med å få pengane dine att dersom vara ikkje skulle dukke opp.
  2. Reise- og avbestillingsforsikring på reiser i heile verda er inkludert når minst 50 prosent av transport- og overnattingskostnadene er betalt med kredittkortet.
  3. Svindla i utlandet? Ettersom kredittkortet ikkje er knytt direkte til kontoen din, er det ikkje dine pengar som blir borte. Vi hjelper deg difor å få pengane att dersom uhellet er ute.
  4. Juridisk hjelp om nokon stel identiteten din. Dersom kredittkortet har vore i bruk dei siste 45 dagane eller har uteståande kreditt gir vi tilgang til juridisk hjelp inntil kroner 50 000,-
  5. Eit økonomisk handlingsrom er nyttig når bilen treng reparasjon eller vaskemaskinen plutseleg ryk. Dessutan gir kreditten deg gode høve til å handle på tidsavgrensa sal, framfor å betale fullpris om tre månader.
  6. Ingen renter, så lenge du betaler heile beløpet innan 45 dagar.
  7. Ingen årspris, eller gebyr på varekjøp, betaling av e-faktura eller ved anskaffing.
  8. Du får rabattar gjennom Eika Fordel i mange butikkar når du handlar, og lista blir oppdatert kvar einaste veke. Abonnerer du i tillegg på nyheitsbreva våre, får du informasjon om løpande kampanjar og handledagar rett i mailboksen.

Vi veit at uventa utgifter ofte kjem når det passar minst. Brukar du det rett, er kredittkortet eit godt hjelpemiddel i den daglege økonomien din. Difor vil vi oppmode til ein sunn bruk av kredittkort som eit hjelpemiddel.

Finn ut meir og søk om kredittkort.