Kva skjer om ein i familie blir alvorleg sjuk? Vil de kunne klara dykk på éi inntekt? Klarar de framleis å betala på lånet dersom ein av dykk skulle bli arbeidsufør?


– Berre ein tredjedel av oss er flinke nok til å forsikra oss sjølve. Det er vanskelege spørsmål, og mange er nok prega av ei «det skjer ikkje oss-haldning», seier Inger Kvaal, avdelingsleiar i Eika Forsikring

Ingen kan føresjå framtida, det einaste vi kan gjera er å sikra oss så godt vi kan. Og sjølv om du ikkje kan forsikra kjærleiken, kan du faktisk forsikra deg av kjærleik.

Lær meir om kjærleiksforsikringane våre her

Dette er dei fire viktigaste kjærleiksforsikringane for deg og familien din:

1. Uføreforsikring

I dag er over 330 000 nordmenn arbeidsuføre som følgje av sjukdom eller ein skade.

- Ved langvarig arbeidsuførleik vil dei fleste av oss få eit vesentleg inntektstap, og det bør dekkjast opp ved å kjøpa ei form for uføreforsikring. Tenk over kva inntektstapet ved langvarig arbeidsuførleik vil føra til for deg, og syt for at forsikringa di reduserer dette tapet, seier Kvaal.

Lær meir om uføreforsikring her

2. Dødsfallforsikring
Denne forsikringa sikrar at familien kan halda fram å bu der dei bur, og betala eventuelle lån som normalt, sjølv om ein med forsørgjaransvar døyr.

- Eit plutseleg dødsfall vil vera vondt for alle, og det kan ein ikkje forsikra seg mot. Men med ei dødsfallsforsikring sikrar ein at familien i alle fall ikkje får store økonomiske omveltingar midt i alt det vonde, seier Inger Kvaal.

Dette er dødsfallforsikring

3. Barneforsikring
Vi er stort sett flinke til å forsikra eigedelane våre, men kva med barna? Denne forsikringa er ei kombinert sjuke- og ulukkesforsikring, og gjeld fram til barna dine fyller 26 år. Den dekkjer mellom anna behandlingsutgifter ved sjukdom eller skade, dagpengar i samband med opphald på sjukehus, dødsfall eller arbeidsuførleik.

- Forsikringa gjeld òg ved opphald i utlandet i inntil 36 månader, og i dagens samfunn der stadig fleire studerer i utlandet er dette ei god forsikring, seier Kvaal.

 Dette er barneforsikringa vår

4. Forsikring ved kritisk sjukdom
Denne forsikringa sikrar deg og dine dersom du skulle bli alvorleg sjuk. Forsikringssummen kan disponerast fritt.

- Å kunne ha økonomisk handlefridom i ein kritisk sjukdomsfase er viktig, og denne forsikringa gir nettopp det, seier Inger Kvaal.

Forsikring ved kritisk sjukdom

Quiz: Veit du kva tala fortel? Derfor er personforsikring viktig for deg.