Sjansen er stor for at du kan spare tusenvis av kroner på å gjere nokre enkle, økonomiske grep i slutten av desember. Vi har samla 12 gode råd som gir lommeboka di ein god start på 2019.

  1. Fyll opp BSU-kontoen din.
    Du som er mellom 18 og 33 år får 20 prosent skattefrådrag på alt du sparar i BSU. Har du pengar til overs er det lurt å setje inn pengar på BSU-kontoen din. Får du sett inn det årlege maksbeløpet på 25 000 kroner før nyttår, får du att 5 000 kroner i skattefrådrag. For at du skal vere sikker på at pengane kjem inn på kontoen i 2018, er det lurt å setje inn pengane så raskt som mogeleg – og aller seinast før klokka 14.00 fredag 28. desember.
    Fyll opp BSU-kontoen.

  2. Start sparing i individuell pensjonssparing (IPS).
    Du kan spare inntil 40 000 kroner kvart år i IPS, og dersom du sparar maksbeløpet får du i 2019 att 9 200 kroner på skatten. I spareperioden betaler du ikkje skatt på avkastninga, og sparesaldoen din er unnateken formuesskatt. Hugs at pengane er bundne fram til du er 62 år. Siste frist for å oppretta IPS er klokka 10.00 fredag 21. desember.
    Begynn å spare i IPS.

  3. Opprett ein aksjesparekonto (ASK) og flytt fonda dine dit.
    Med ein aksjesparekonto hos oss kan du kjøpe, selje og byte aksjefond utan at det blir utløyst skatt undervegs så lenge du ikkje tek ut gevinsten frå kontoen. Du oppnår dermed ei skatteutsetjing som over tid kan ha stor tyding for den totale avkastninga di.
    Opprett ein aksjesparekonto.

  4. Jobb deg opp til frikortgrensa.
    I 2018 kan du tene inntil 55 000 kroner utan å måtte skatte av pengane. Dersom du framleis har litt å gå på før du når grensa, kan det vere lurt å finne ut om det er moglegheiter for å tene litt ekstra. På den måten får du tent det maksimale beløpet utan å betale skatt.

  5. Vurder om du treng eit nytt skattekort.
    Har noko endra seg sidan den førre sjølvmeldinga, til dømes nytt bustadlån eller endring i lønna? Før årsskiftet er det lurt å ta ein gjennomgang av skattekortet for å kontrollere at du har ført opp rett lønn, og får dei skattefrådraga du har krav på.

  6. Gi gåver til frivillige organisasjonar.
    Ikkje berre er det ei hyggjeleg julegåve – du får òg skattefrådrag dersom gåva er på minst 500 kroner. Hugs berre å kontrollere at organisasjonen du gir til står oppført på Skatteetaten si liste over godkjende organisasjonar.

  7. Skal du selje bustad før du kjøper? Avtal overtaking etter nyttår.
    Dersom du får utbetalt pengane før årsskiftet kan det spele inn på formuesskatten. Avtal overtaking rett over nyttår – så slepp du unna skattesmellen.

  8. Gi forskot på arv.
    Dette gjeld deg som har netto formue som overstig fribeløpet. Reduser formuesskatten ved å gi barna dine forskot på arv. Hugs berre at barna må vere 17 år eller eldre, elles blir dei uansett likna saman med deg.

  9. Utset lønn.
    Dersom du står i fare for å få toppskatt, kan det vere lurt å utsetje noko av inntekta til neste år. Berre hugs at du må tene mindre i 2019 enn 2018, elles har det ikkje noko for seg å utsetje lønna.

  10. Gjer småtenester.
    Så lenge du ikkje er næringsdrivande, kan du ta imot opp til 6 000 kroner skattefritt for mindre tenester, slik som snømåking, målejobbar og liknande.

  11. Leig ut hytta i jula.
    Blir det ikkje juleferie på fjellet i år? Hugs at du kan leige ut hytta for inntil 10 000 kroner skattefritt.

  12. Driv du eige firma? Har du konkrete planar om å kjøpe driftsmiddel som maskinar og datautstyr er det lurt å gjere dette seint på året – avskrivingsbeløpet blir nemleg like stort uansett når på året du har investert.