No kan du betale med smartklokka

Med aktivitetsklokka Fitbit Ionic og Versa kan du no betale kontaktlaust med ditt Mastercard. Det er ikkje lenger krise dersom du gløymer lommeboka og mobilen heime.
  • Trygt, brukarvennleg og raskt
  • Smidig kopling av aktivitet og betaling
  • Fungerer som eit kontaktlaust kort

Korleis fungerer det?

  1. Du må ha ein Fitbit Ionic eller Versa klokke og Eika Mastercard
  2. Legg inn kortopplysingane dine i Fitbit appen på telefonen. Appen kommuniserer med Fitbit klokka og lagrar ein virtuell versjon av kortet på klokka
  3. Når du skal betale, held du inne den venstre knappen på klokka til korta blir vist på klokkeskjermen
  4. Kortet blir aktivert med din eigen innloggingskode. Denne har ei lengd på 24 timar
  5. Klar, ferdig - betal! Gjeld også sum over kr 200 utan kode

Tokenisering reduserer moglegheit for svindel

I dag forventar du som bruker teknologi som kan hjelpe deg å løyse oppgåver i kvardagen med så få klikk som mogeleg.

Med Fitbit Pay kan du betale kontaktlaust på farta, utan å uroe deg for at kredittkortopplysingane dine kan kome på avveg. Fitbit Pay bruker Mastercards bransjeleiande token-tjenester som gir brukarane høgaste grad av tryggleik. Det betyr i praksis at du kan betale like sømløst, trygt og enkelt med smartklokka som med det fysiske kortet.

Tokenisering er ei eiga krypteringsløysing som nyttar eit virtuelt, unikt kortnummer til betalinga med klokka, og ikkje det faktiske kortnummeret ditt. Tokensiering reduserer dermed moglegheita for svindel og forhindrar at kortinformasjonen din kjem på avveg.