Kva er Fitbit Pay?
Saman med Mastercard har Fitbit utvikla betalingsløysinga Fitbit Pay. Du lastar opp din Eika Mastercard i Fitbit-appen og kan dermed betale kontaktlaust med klokkane fra Fitbit.

Korleis kan eg bruke Fitbit Pay?
Du kan bruke Fitbit Pay saman med smartklokkar fra Fitbit, som har ei innebygde NFC-brikke, og Fitbit-appen kor du har lasta opp din Mastercard.

Kva kort frå banken kan eg laste opp i Fitbit appen?
Du kan registrere alle Eika Mastercard kredittkort, også bedriftskort, for betaling med smartklokka. Dette gjeld Mastercard Gold, Mastercard ViVo, Mastercard Business med privatansvar og Mastercard Business med bedriftsansvar. Du kan registrere opptil 6 kort i Fitbit-appen.

Kan eg laste opp fleire kort i Fitbit appen?
Ja, du kan registrere fleire kort.

Kvar kan eg betale med smartklokka?
Du kan betale med Fitbit i alle betalingsterminalar som godtek kontaktlaus betaling.

Korleis kan eg betale med smartklokka?
Når du skal betale held du klokka inntil betalingsterminalen etter at du har heldt inne venstre knapp på klokka i to sekund og fått opp korta ditt på klokkeskjermen. Når betalinga er gjennomførd, vibrerer klokka og du får ei godkjenning på skjermen. Hugs at du må taste koden din én gong i døgnet.

Kva skal eg gjere dersom betalinga ikkje blir godkjent?
Dersom betalinga ikkje godkjenner Fitbit Pay, så sjekk at klokka er nær den kontaktlause lesaren på betalingsterminalen. Si også frå til beteninga at du bruker kontaktlaus betaling.

Treng eg å ha telefonen min i nærleiken når eg skal betale med klokka?
Nei, du treng ikkje å ha telefonen i nærleiken når du betaler med klokka di.

Kvar blir pengane trekte frå når eg betaler med smartklokka?
Pengane blir trekte frå same kort som du betaler med. Sjølv om du har eit virtuelt kortnummer registrert i klokka, så er dette kopla mot din faktiske Mastercard.

Kvar kan eg sjå transaksjonane som eg gjer med Fitbit Pay?
Dine tre siste transaksjonar med Fitbit Pay kan du sjå i «lommebok» delen (Wallet) i Fitbit appen. Du kan i tillegg sjå alle din Fitbit Pay transaksjonar i mobil- og nettbanken din.

Er det sikkert å betale med smartklokka?
Ja, når du registrerer kortet ditt i Fitbit appen og betaler med smartklokka, blir eit brukt virtuelt, unikt kortnummer, og ikkje det faktiske kortnummeret ditt. I tillegg må du bruke din eigen innloggingskode for å gjere betalingar med klokka. Denne koden varar i 24 timar og må tastast på nytt når klokka mister kontakt med handleddet.

Kan eg betale med smartklokka i utlandet?
Ja, du kan betale med klokka på alle stader i utlandet som aksepterer kontaktlaus betaling.

Korleis kan eg sperre korta dersom eg mister smartklokka mi?
Dersom du må å sperre korta som er registrert for klokkebetaling, så kan du gjere dette via Fitbit-appen på telefonen din. Du kan også ta kontakt med Eika Kundesenter på telefon +47 915 03850.

Sidan ein bruker ein tokken av kortet, eit virtuelt kort, kan dette slettast og sperrast utan at det påverkar moglegheita for å bruke korta i seg sjølv til vanleg betaling i butikk og på nett.

Eg har gløymt koden til klokka – korleis reset eg denne?
Koden til klokka blir resett i Fitbit-appen. Det blir gjort på følgjande måte:

  1. Opne Fitbit appen og vel ikonet for «Account»

  2. Trykk på klokkesymbolet

  3. Trykk på «PIN» (du må verifisere deg ved hjelp av fingeravtrykk eller kode for å få tilgang til denne menyen)

  4. Vel «Change PIN code» og følgje instruksjonane