Begrensninger ved skadeårsak og sum 
Innbuforsikringa gjeld berre når bunaden er i heimet ditt, og reiseforsikringa berre på reise. - Både innbuforsikring og reiseforsikring har begrensninger rundt skadeårsak og sum ved skadar som kan oppstå på bunaden, fortel Anita Tomter, skadesjef for skadeoppgjer direkte i Eika Forsikring. Innbu Pluss erstattar andre typar skader på bunad, men har ein avgrensa sum opp til 15 000 kroner. Reiseforsikringa erstattar ikkje hendeleg uhell og skader du sjølv påfører dei forsikra gjenstandar. 

Eiga verdigjenstandsforsikring
- Det er derfor smart å kjøpe ei eiga verdigjenstandsforsikring for bunaden, forsett Anita. Ei bunadsforsikring dekkjer alle plutselege og uventa skader. Det kan vere sølv som fell av, svimerkjer, rifter eller uheldige kaffi-, raudvin-, eller ketchup-flekkjer. 

Innsjekka bagasje 
Mange reiser Noreg rundt og enda lenger for å gjeste slekt og venner ved festlege høve. Då er det kjekt å ha ei verdigjenstandsforsikring som dekkjer bunaden når den blir send som innsjekka bagasje. - Sølvet må du likevel pakke i handbagasjen for å sikre full erstatning, opplyser Anita. 

- Ei verdigjenstandsforsikring er smart for verdifulle eigedelar som du er ekstra redde for og ofte tek med deg ut av bustaden. Du kan kjøpe slik forsikring for blant anna smykke, klokker, kamerautstyr, syklar og anna sportsutstyr, avsluttar Anita.